Språket kan både tilsløra og avsløra. Reuters melder om at 10 millionar jenter har vorte drept i India sidan midten av 80-talet. Ein rapport frå Unicef går endå lenger, og hevdar at 7000 jenter vert drepne kvar dag i India. Delvis skjer det ved abort, delvis drep foreldra jentene som nyfødde. Her i Noreg derimot, har me likestilling; me drep like mange ufødde gutar som jenter.
For oss som fylgjer litt med på abortsaka i mediebiletet er det interessant lesing når Dagbladet skal gjengi eit nyhende som dette.. Sidan Unicef-rapporten ser praksisane “kjønnspesifikt fosterdrap og spedbarnsdrap” (Dagbladet si omsetjing) under eitt, (talet på 7000 skuldast båe praksisar) vert det også vanskeleg for journalisten å skilja omgrepa. I vanlege norske saker går det greit å tilsløra det tabubelagte temaet med ein eufemisme som “sjølvbestemt abort” (eufemisme = forskjønnande omskriving av ei ubehageleg sak), sidan drap like etter fødsel er såpass uvanleg her i Noreg. Men nyhendet frå india avslører at dei to fenomena eigentleg er ei og same sak.
Tenk så ulike konnotasjonar som vert vekt når ein nyttar eit uttrykk som “sjølvbestemt abort” til forskjell frå “overlagt drap”! Viss me gjer eit eksperiment, og byter litt om på orda, får me “sjølvbestemt drap” og “overlagt abort”. Då ser me at orda tyder det same: Ein bestemmer seg for å drepa eit anna menneske. Den einaste skilnaden er alderen på offeret.

Kommentarar