Arkiv for november, 2006

Ymist frå mp3-samlinga

Musikksamlinga mi er nokså uortodoks. Ho består av allslags mp3-filer frå heile verda og frå alle tenkjelege musikalske samanhangar (med nokre unntak, atonal musikk er eg til dømes ikkje stor på).

Eg hugsar forresten fyrste gongen eg høyrte ordet mp3. Det var i ei nyhendesending i NRK i 1996. Ein nerd forklarte sjåarane at det berre var å skriva namnet på bandet ein ville lasta ned musikk frå i mp3-format ved å skriva t.d. beatles +mp3 på ei søkjeside. Så frå då av var eg ein iherdig og utradisjonell nedlastar av mykje rar musikk, sjølv om eg sjeldan lastar ned noko no for tida. Spesielt dataspelmusikk og filmmusikk inneheld mange gløymde perler. Metoden var slik: last ned, høyr gjennom, og kast det som ikkje fall i smak). Mine 3647 mp3-filer er difor nøye utvald. Eg lastar opp nokre merk- og minneverdige døme her. Sidan eg berre deler dei med bloggens 3 kjende lesarar, og eg veit at samtlege av dei har betydelege mp3-samlingar sjølve, og sidan den nye mp3-lova ikkje har tilbakeverkande kraft, og eg ikkje har satt meg inn i kva som er nytt i den nye lova, eller i det heile fått med meg om ho vart trumfa igjennom eller ikkje, reknar eg med at det vil vera tilstrekkeleg tvil om mp3-lova si gyldigheit i den potensielle rettsaka denne opplastinga kan medføra seg. Berre tullar, sjølvsagt.

Favorittlåta mi då eg var 17 var Hans Zimmers “Hummel gets the rockets” frå filmen The Rock. På den tida kunne ein fritt lasta dei ned frå vanlege nettsider. Ein slapp å bruka desentraliserte nettverk som bittorrent.

Musikk eg likte frå dataspel eg åtte, måtte ein bruka spesielle program for å få fatt på. Eit soundtrack frå Civilazation er med på lista.
Som trøyst fekk ein nyta gregoriansk kyrkjesong når ein tapte i Age og Empires 2. Tek òg med litt egyptisk inspirert bakgrunnsmusikk frå oppfylgjaren Age of Empires 3.

Ein heilt annan genre (som dei færraste veit eksisterer) er kristen rock. Eit spesielt obskurt døme er svensk 70-tals inspirert kristen heavy-rock som ein finn i bandet Narnia. Eg gløymte att ein Narnia-CD då eg fyrst besøkte familien Rage for 7 år sidan, og ikkje lenge etter kunne Ingvild fortelja at Knut hadde lagt sin elsk på plata! Her er i alle fall “long live the king” frå 1998.

Og sidan eg har nevnt ordet narnia, lastar eg også opp den nydelege “Aslan’s Theme” av komponisten Geoffrey Burgon. Mao. kjenningsmelodien til BBC sin narnia-serie som NRK har hatt for vane å senda ved joletider.

Til sist ein ungdomsskulefavoritt, det kristne kultbandet DcTalk, med Jesus Freak frå 1995.
Kjem sikkert tilbake med meir rart frå harddisken min seinare.

Neste side »


Kategoriar

Tal eminente lesarar

  • 8,382 besøkjande