I går fekk Ingvild det for seg at ho skulle fortelja meg alle dei gode sidene eg hadde. Det var hyggeleg det, til og med oppmuntrande, men eg kunne ikkje fri meg frå tanken om at mykje ikkje stemte overeins med mi eiga oppfatning av meg sjølv. Bortsett frå ein ting; at eg er vorten (meir) effektiv (ein konsekvens av sommarjobben). Ein annan gong kunne Ingvild fortelja at eg framsto så sjølvsikker, men mi eiga oppfatning var ofte tvert om.
Nokre andre døme: For eit par år sidan fortalte Jorunn at ho og Hanna hadde hatt ein samtale om meg, der det hadde kome fram at eg var så ”meg sjølv”, kva no det kunne bety. Men som dei som har lest det fyrste innlegget eg skreiv her på bloggen veit, er det nettopp noko eg sjølv føler eg balar med.
Då eg var 13 år møtte eg ein eldre herre som tykte eg framsto som ein leiartype, og han var sikker på at eg kom til å verta ein god leiar ein dag. Det var så fjernt frå mitt eige syn som det gjekk an å koma.
Eller min yngre bror Hallvard sine vekslande syn på meg oppover. Eg hugsar ein periode då me var tenåringar fekk han det for seg at eg stadig prøvde å gjera meg betre enn han. Eg på mi sida hadde det same inntrykket om han, og prøvde sjølv å omgåast Hallvard med silkehanskar (sidan mitt syn på saka var at han gjennomgjekk ein slags opprørsperiode, eller liknande).
Og så hugsar eg at eg prata med min eldre bror Alf Magne ein gong, og han meinte at eg var ”forknytt”. Eg på mi side meinte det hadde med personlegdom å gjera, og ikkje noko ein nødvendigvis måtte arbeida med. Og kva med den guten som vart med for å spela fotball, då eg gjekk på ungdomsskulen, som meinte at eg var så usannsynlig arrogant. Og jenta på gymnaset som meinte eg hadde så ”tydelege grenser”, kva ho no meinte med det. Eg hugsar spesifikt eg tenkte: ”du kjenner meg ikkje”, i det siste tilfellet.
Eller den rolla eg spelte i familien under oppveksten; eg var familiens humørspreiar, ei rolle eg både kjende meg heime i, men til tider også litt fanga av.
Men det er i dei alle færraste tilfella – unntaksvis og ein sjeldan gong – ein faktisk får vita kva folk går og tenkjer om ein. Til vanleg er ein prisgitt sine eigne spekulasjonar. Viss det er sant at eins eige syn på seg sjølv vert forma av korleis andre ser ein (Hegel), kan ein kanskje også leggja til at ein vert forma av sitt eige syn på korleis andre ser ein?
Og kor ligg sanninga? Det er vel ikkje sikkert at slik ein ser seg sjølv alltid stemmer overeins med røynda, like lite som andre sine (innbyrdes motstridande) syn gjer det.
Eg har blant anna innbilt meg at folk kanskje ser meg som ein ”tilsynelatande normal fyr, men med skumle fundamentalistiske haldningar ulmande under overflata”, medan sanninga (slik eg ser ho), særlig blant kristne, er eg ein som ofte stiller spørsmål, tviler ein heil del, side om side ved at eg trur. LES til dømes noko eg skreiv i sommar, då eg køyrde rundt som kristen journalist. Det var, tru det eller ei, ein periode med ein heil del tvil.
Eg har ofte tenkt tanken; tenk om eg visste nøyaktig kva alle dei som har og har hatt med meg å gjera tenkte om meg. Kva har vorte sagt om meg når eg ikkje var til stades? Kva slags spekulasjonar har folk som ikkje kjenner meg godt gjort seg? Det skulle vore utruleg interessant å vita. Det ville nok vore bittersøt lesing viss ein fekk alt dette samla i ei bok. Ein ville sjå kva gode sider andre såg i ein; litt overraska hadde ein sikkert vorte av det, men mest overraska trur eg ein hadde vorte når ein las det negative. For det er som regel slikt som folk held for seg sjølve. Så ein er ikkje klar over kva negativt folk tenkjer om ein. Eg veit jo med meg sjølv at det ikkje finst ein einaste person eg har utelukkande godt å seia om (sjølv om det er enkelte som kjem svært nær). Og berre sjeldan har eg konfrontert dei med det. Men eg kjem ikkje på nokon av dei eg kjenner og omgåast av familie og vener, som eg tenkjer meir negativt om enn positivt. Eg har ei grunnleggande og hovudsakleg positiv tolking av alle eg kjenner. Så kan ein jo håpa at denne grunnleggande positive haldninga er gjensidig, men eg kjenner jo ordtaket ”på seg sjølv kjenner ein andre”, noko eg tolkar ironisk, slik at når ein trur ein kan tolka andre menneske ut frå korleis ein sjølv er, kjem det som regel feil ut.
Her speler det jo inn at (dei alle fleste) menneske er opptekne av at andre skal lika dei. Det er vel difor ein prøver å gjera seg mest mogeleg likande, og på den måten sviktar sin eigentlege personlegdom? Kva no den måtte vera.

Om du er innstilt på å ha diskusjonar gåande på denne sida, eller ikkje: dette er for interessant til ikkje å kommentera.
Ein ting er eg iallfall lei av når eg tolkar andres (re)aksjonar:
å trekkja forhasta slutningar. Det finst så mange “mimoserørsler” i sjela som ikkje nødvendigvis har ei djup årsak bak seg at eg har lært litt meir tolmod med det. Forhåpentlegvis.
Morosamt å lesa om korleis du handterte meg! Eg skjønar korleis det må ha vore for deg no, men såg det ikkje den gongen.
Vil du seia at du stundom har vanskar med å ta til deg kompliment om din eigen person fordi du stiller spørsmålsteikn ved truverdigheita til gjevaren?
Eg må forøvrig seia at eg sjølv òg har vorte ein som hovudsakleg tenkjer godt om folk. Du er inkludert.
Men slutten i innlegget ditt får meg til å undrast. Du føreslår at når ein gjer seg mest mogleg likande, sviktar ein sin eigentlege personlegdom. Men ein ting eg hugsar frå timane med samfunnskunnskap er Voltaire’s eller Rosseau’s mislukka forsøk med “naturleg oppvekst.” Det fungerer ikkje å la born utvikla seg utan påverknad frå kulturen rundt dei. Har ein difor ein eigentleg personlegdom? Noko er sjølvsagt medfødt, men eg vil seia det ikkje er nok til å skapa ein personlegdom.
Hmmm, eg har ikkje meint å gitt inntrykk av at eg ikkje ynskjer diskusjonar på denne sida. Diskuter i veg! Eg var sikker på at mange ville ha sitt å seia om dette innlegget, men der tok eg altså feil.
Når det gjeld spørsmålet ditt må eg svara nei. Det er meir slik at eg vurderer sanningsgehalten i komplimentet ut frå mi eiga oppfatting av røynda. Men den kan vera sterkt subjektiv. Det er ting som tyder på at ein sjølv ikkje er den best kvalifiserte personen til å vurdera sin eigen person.
Når det gjeld det med personlegdom. Når ein vert vaksen har ein etablert ein meir eller mindre stabil personlegdom. Som barn kan denne vera meir utsett for forandring, men alt no kan ein i Victoria ana tydelege karaktertrekk. Men eg tenkte mest på vaksne i det eg skreiv der. Også når ein er vaksen kan ein endra sin personlegdom, og eg mistenkjer at det vert vanskelegare å gjera det dess eldre ein vert.
No skjønar eg meir.
Eg har sjølv ofte problem med å ta kompliment som det dei er, velmeinte ord frå nokon som har eit godt syn på meg. Eg ser alltid etter utvegar for “kvifor dette ikkje skulle vera sant”.
Sanninga har som regel fleire sider, og eit kompliment er ei av dei. Målet mitt er difor å ta kompliment til meg, fordi dei gjer meg godt, inntil eg får det stadfesta eller motbevist.