Denne personlege loggen har fleire siktemål. For det fyrste har eg bestemt at dette skal vera min logg. Det tyder to ting.
1. Eg skriv det som eg skriv her mest for min eigen del. Viss eg vert loggen sin einaste lesar, gjer altså ikkje det noko. Skal ein skriva for nokre bestemte menneske, vil ein heile tida tilpassa seg til dei. Gruppepress er som kjent ei av dei desidert sterkaste psykologiske drivkreftene.
2. Dessutan skal eg prøva å vera eit heilt menneske i det eg skriv her. Det er noko eg ofte tykkjer er vanskeleg i mange fora. Eit døme: Stilla som møter meg når eg blant kristne fortel at eg studerer litteraturvitskap, minner mykje om stilla som møter meg når eg blant litteraturvitarar fortel at eg er kristen. Eg høyrer soleis ikkje heilt til i nokon av leirane. Men her på “Hovudsaker” er det meininga at eg skal kunna vera alt det som eg er. Eit heilt menneske. Kanskje det er noko av grunnen til at eg kjenner behovet for denne loggen?
På trass av tittelen eg har gitt denne staden, skal det vera lov å vera digressiv. Stundom kan det å gripa ein tanke vera viktigare enn å uttrykka han vakkert. Eg skal prøva å utøva minimal sjølvsensur, men kan ikkje lova at eg vil greia det 100 prosent.
Eg anar at det er fleire ting som bør stå her, men som eg ikkje kjem på nett no. Så då erklærer eg hermed “Hovudsaker” for sjøsett! Og seier som ein gamal vismann kviskra til meg ein gong: “I hope your journey goes well”.

Eg likar denne bloggen! Stilig design. Og det gjev han eit eige preg at han ikkje er skrive for andre, men deg sjølv.
Her kjem òg mine kommentarar til å vera mine eigne, og ikkje nødvendigvis ting som er passande å seia.